Frå Margunn Synnøva Hylland, 3E, har vi fått desse bileta… (Klikk for å sjå større bilete)
Dei to siste bileta frå Margunn er som de ser frokosten utanfor gymnaset (den gong alle drakk H-mjølk..?), og til slutt opninga av Moen.
Her kjem nokre bilete frå russetoget. Dollie de Luxe var tydelegvis ein fiasko. Minnest at russetoget heller ikkje var noko stor suksess der det regna vekk i surt maivêr…
Klasse 3 D med Kyten som eit naturleg midtpunkt:
Frå Helge Skeie har vi fått desse bidraga: “Diverse gladruss” og “Frokost arrangert av raudrussen + den tradisjonelle tautrekkingskonkurransen mot blårussen”
“Fra kristenrussens turer (bilde 1. underholdning v/samling for kristenrussen i Hordaland – bilde 2. tur oppforbi Lønavatnet)” og “Fra kristenrussens turne på slutten av året”
Russerevyen!! Finn du deg sjølv her, er du god… Vakker ungdom på øvinga til revyen. (Klikk på biletet for å få større..)
Mimring…
Det er vel ingen som har gløymt alt som skjedde..? ..på russekro og andre festar..?
Kanskje nokon til og med har nokre bilete frå denne tida, enten i familiealbumet eller bortgjøymt innerst i eit skap, sensurert frå offentlegheita inntil no…
Har du ei historie, god eller dårleg, med eller utan bilete, eller bilete utan histore, er du velkomen til å sende det til oss, så legg vi det ut på denne sida, sensurert eller usensurert, alt etter som…
Scanna bilder (fantes vel få digitale kamera i -84) og røvarhistorier kan sendast til [email protected] Merk bidraget med navn og klasse. Anonyme bidrag kan også verte godtatt.
Har du kun noko du vil fortelje, kan du gjerne bruke skjemaet under.