Program for helga

Fredag 23. mai 2014

Frå kl. 20.00 og utover møtest me på Ringheimskafeen.
Her vert det lauspreik, lausdans og sikkert ein del mimring og skitprat.

Det vert sal av smårettar/tapas og drykk av ulike slag. Har de gamle bilete/album, så ta dei med.

Laurdag 24.mai 2014

Førmiddagsaktivitet:

  1. DESSVERRE AVLYST – Tur til Voss Bryggeri på Kyte. Besøket vert avgrensa til maks 30 personar. Her vert det første mann til mølla.  På Voss Bryggeri vert det omvising og prøvesmaking. Dette kostar 350,- inkludert smaksprøvar. 
  2. «Grill, spill og dill». Me samlast i Sandviki ved utløpet av Lønavatnet frå kl. 13.00 til om lag kl. 16.00. Her skal me fyra bål, eta grillkorv frå Voss og drikka det ein sjølv ynskjer (ta med drikke). Kanskje nokon tar ein trall på gitar.
    Det vert bruskasseklatring for dei sprekaste, kanopadling for dei vasstrygge og quiz for dei klåraste (det vil seia alle). 100,- per person.  Sjølv om me no alle nærmar oss 50, vil me oppmode om at ein kler seg etter forholda. Me har ein diger lavvo og eit lika stort grindbygg om været vert heilt gale. Ved firetida er det på tide å reise tilbake for nasepuddring og slipsknyting.

Festaften i Bavallstunet kl. – 19.30 – 02.30……issch

……ein 3-rettar slik:

  • Forrett: Kald -og varmrøykt aure med kremost, urter og salat.
  • Hovudrett: Hjortefilet med rosenkål, bacon of rødvinssjy.
  • Dessert: Pannacotta med marinerte bær. Kaffi og kaker vert det og sjølvsagt.

Det vert servert ein velkomstdrink. Det ein ynskjer av drikke til maten og utover kvelden, kjøper ein sjølv i baren. Bavallstunet har bar med alle rettar (NB! Det er ikkje lov å ta med eiga drikke i barområdet).

Etter god mat og drikke vil det verta godt å lea på seg og ta nokre kraftige hoftevrikk. Det får ein gjort til heftige rytmar av eigen diskojokki.

Kos og prat med glede og latter er det me ynskjer alle skal få oppleva. Me håpar at alle vil sitja att med minnerike opplevingar etter denne helga.